Silketrykk til Kronbygg AS

Kronbygg AS har bestilt hettegensre og t-skjorter med firmalogo. Trykkinga er unnagjort, så no er det herding og pakking som gjenstår. Trykket vart gjort med permaset supercover white med ein aning svart i. Med denne trykkefargen kan trykkinga gjerast i ein omgang utan fleire lag noko som (for min del) gjev eit heilt presist trykk. Ulempa er at eg berre kan trykka 4-5 plagg før ramma må vaskast slik at den ikkje tettar seg.