Logodesign

Eg tilbyr meg å laga logoar og identitetsdesign for bedrifter, lag og organisasjonar. Om du blar igjennom sida mi vil du finna døme på logoar og illustrasjonar eg har laga. Skriv ei melding i kontaktskjemaet med kontaktinfo og nokre stikkord om deg og ditt prosjekt så tek me ein samtale om dine behov og korleis arbeidet mot dette vert. Trostereiret prioriterer gode tiltak. 


Kor grundig prosessen skal vera er opp til deg, men det er lurt å vera bevisst på eigne verdiar, eigne fortrinn og spesialitetar, konkurrentar og målgruppa sine preferansar for å få eit optimalt resultat. Vil du ha ein kjapp logo for ein billeg penge finns det mange som tilbyr det, men du risikerer å gå glipp av ein meir målretta profilering som kan stå seg over lengre tid. 

Trostereiret ynskjer ein trygg prosess for deg for at du skal få ein optimal logo. Det krev ein tydeleg kontrakt, fleire samtalar med deg som oppdragsgjevar, undersøking av marknad og målgruppe samt fleire justeringar før me er i havn.