Fargepalett til din logo + ASE til hex

Du treng ein fargepalett dvs. eit utval fargar fordi du, foreninga di eller bedrifta di skal ha ein heilskapeleg profil både på logo, men og på sosiale medier og på nettsida. Her kjem eit tips som kan vera eit første steg på vegen. Adobe har ei side der du kan lasta opp bilete for så å få generert eit forslag til fargar. 
https://color.adobe.com/create/image/

Som eit døme har eg lasta opp biletet av trosten (klikk på kameraet oppe i høgre hjørne), valgt kva for type fargepalett eg vil ha (eg kan velgja mellom colorful, bright, muted, deep, dark custom) og vipps så har eg ein fargepalett utifrå biletet eg valde.


















Om du brukar td. inkscape som eg kan du ikkje bruka filformatet til adobe, men om du går til 
http://carl.camera/sandbox/aseconvert/ 
kan du få hex-values (hex-kodar) som du kan bruka for å finna den same fargen i inkscape ved å lima inn koden i fargevelgjaren.