Basarårer

Basarårer er klassikaren som kan brukast i fleire generasjonar. Trostereiret brukar lasergarvering med GCC Mercury L-12 for merking av årene, noko som gjev eit svært presist og profesjonelt utsjånad. 

Trostereiret sine basarårer er kanskje noregs finaste og mest forseggjorte basarårer. Me kontrollerar og kvalitetssikrar kvar einaste åre slik at me er sikre på at det du får er av god kvalitet. Desse årene er svært solide og vil vara i generasjonar. Ynskjer de ei spesialdesigna øskje i tre til årene kan dette ordnast på forespurnad. 



Kostnadene til årene er ein eingongsinvestering og de får truleg utgiftene inn på den første basaren og etter det er det kun forteneste for dykk framover.


Årene er ca. 5 x 13.5cm.

Prisar:

Grunnpris/oppstart: 350,-
Pris / åre:  25,- (pussa, lakkert, pussa, lasergraverte nummer (+ trostereiret-logo på baksida) , lakkert og lett pussa for glatt finish)
Fargemerking: + 2,50/åre
Valfri logo/motiv på baksida: + 5,50/åre 
Frakt: posten sine satsar 

Alle prisar er eks. mva.


Fargemerking i nedste kanten av f.eks. kvar 100. eller 500. åre gjer det lettare å sortera vekk årer om de ikkje treng alle på ein trekning dersom det er færre folk enn forventa eller de av andre grunnar reknar med å ikkje få solgt alle årene


Om du ynskjer årer som du vil skriva på sjølv,  med eit strøk lakk + etterpussa,  kostar det. 12,- /åre.
(Eg vil ikkje anbefala å skriva på ulakkert tre då fargen kan flyta ut i treverket og gjera tala utydelege. Dette vil sjølvsagt variera med tresort og kvalitet på treverket.)

Basarårene vert laga for hand og av naturmateriale så naturlege variasjonar vil forekoma.


Send ein epost til trostereiretvik@gmail.com for meir informasjon.