Silketrykk

Eg har gleda av tilby å trykka din logo/motiv på t-skjorter, gensre og hettejakkar.
Trykket vil vera einsfarga og vil vera ypperleg for td. firmaprofilering, skulegensre mm.
Trykket tålar vaskemaskin og er svært haldbart.

Dette kan vera ei løysing for deg som ikkje treng så mange plagg (Min. bestilling er 10 plagg).

Interessert? 
For at du skal vera trygg på prosessen har eg lista opp korleis dette vert gjort heilt konkret.

1) Du finn fram motivet ditt og om du ikkje har eit motiv enno teiknar du eit for hand (og scannar det inn på datamaskina di eller sender det i posten til meg)  eller du teiknar det på datamaskina (helst i eit vektorbasert program som td. inkscape , corel draw eller photoshop). Hugs at ved silketrykking er det ingen gråtonar eller gradientar. Eksporter/lagra motivet. Eg tek imot .pdf, .svg, .jpg og .png. Anbefalt oppløysing er 180-300 ppi. Om du ynskjer det kan eg gjera designjobben for deg.

2) Når motivet er klart avgjer du kva og kor mange plagg du treng. Katalogane til mine leverandørar kan du sjå her. Sett deg ned i ro og mak (med ein kopp te eller kaffe) og finn det/dei plagga du ynskjer og kva for fargevariant du helst vil ha. (Eg trykker på både mørke og lyse plagg).

3) Send ein e-post (eller ring meg på 95 46 34 52) til trostereiretvik@gmail.com der du ber om eit pristilbod og fortel kortid du ynskjer å motta plagga. I e-posten skriv du og artikkelnummer, farge og antal på dei plagga du ynskjer pristilbod på samt din eigen kontaktinfo. Er det noko du lurer på før du bestemmer deg så ikkje nøl med å ta kontakt. 


4) I løpet av ei veke mottek du eit konkret pristilbod på e-post med informasjon om kvalitet, pris, levering, betaling og villkår samt ein illustrasjon som syner fargekombinasjonen. Om du synest tilbodet er akseptabelt svarar du på e-posten som då vert ei bindande avtale. Har du spørsmål til tilbodet tek du kontakt pr. e-post eller telefon. Tilbodet gjeld i 30 dagar.

5) Innan avtalt tid får du plagga tilsendt med posten eller du hentar sjølv. Du får tilsendt faktura på e-post med betalingsinformasjon. Du betalar og plagga kan delast ut til kollegaer, klassekameratar, familie eller selgjast i nettbutikken din eller på marknadsdagen i bygda.


















Om du har spørsmål eller ynskjer eit pristilbod så ikkje nøl med å ta kontakt.